Please enable JavaScript.
Coggle requires JavaScript to display documents.
FANTASTISK LITTERATUR Litteratur som "forteller om ting som umulig…
FANTASTISK LITTERATUR
Litteratur som "forteller om ting som
umulig
kunne ha skjedd" (Attebery, i Guanio-Uluru, 2018, s. 107).
Litteratur som "forsøker å få oss til å se verden på nye måter ved å iscenesette nye verdener [...]" (Guanio-Uluru, 2018, s. 110)
Tzvetan Todorov: Den fantastiske litteratur (1970/1990) har fått stor betydning
som teorigrunnlag.
KLASSISKE FANTASYUNIVERS
Brødrene Løvehjerte
(Astrid Lindgren)
Mellom verdener
(Máret Ánne Sara)
Harry Potter
(J.K. Rowling)
Ringenes Herre
(J.R.R. Tolkien), har blitt rekna som ein slags prototyp eller mønstertekst for både forskarar (Brian Attebery), fantasyforfattarar og dataspelutviklarar
RØTER
folkeeventyr og kunsteventyr
mytar og opphavsforteljingar frå mange ulike område
helteforteljingar, for eksempel
Gilgamesh
-eposet (heltedikt nedteikna om lag 2000 år f.v.t.)
fablar
riddarforteljingar frå mellomalderen, for eksempel forteljingane om kong Arthur og riddarane av det rundet bordet
undersjanger av fantasy: skrekkfiksjon eller gotisk litteratur
FORTELJESTRUKTURAR OG MOTIV
Fantasy for barn er ofte kjenneteikna av tydelege motsetnadspar (Anna Karlskov Skyggebjerg), for eksempel: realitet-magi, godt-vondt, barn-vaksen.
Vanlege motiv i fantasy for barn (Skyggebjerg): det framande barnet, det utvalde barnet, reisa og forvandlinga.
Fire overordna kategoriar (Farah Mendlesohn)
innforstått fantasy, typiske trekk: den "fantastiske" verda er kjent for hovudpersonen, slik som i science fiction
inntrengarfantasy, det fantastiske bryt inn i ei elles kjent verd, for eksempel i form av spøkelse, monster, vampyrar
portal- og oppdragsfantasy, typisk eksempel:
Løven, heksa og klesskapet
(C.S. Lewis)
terskelfantasy, miljøet liknar vår verd, men fantastiske element dukkar opp utan at karakterane reagerer, skaper tvil hos lesarane om dei verkeleg finst, sjeldan i barnelitteratur
Trass i at mange fantasytekstar fungerer etter kjente formlar og mønster, har dei også særeigne kvalitetar, for eksempel når det gjeld forhandling om og formidling av verdiar (Guanio-Uluru).
Vanlege motiv i fantasy for barn (Maria Nikolajeva):
fantasem
- element som skaper meiningsfulle samanhengar i tekstane, for eksempel: den magiske passasjen, den magiske agenten, magiske objekt
Ulike typar konstruksjonar av magiske verder (Maria Nikolajeva)
open - handlinga finn stad både i eit vanleg og eit magisk univers
underforstått - ein magisk agent blandar seg inn i den vanlege verda, det finst ikkje eit alternativt, magisk univers
lukka - heile handlinga går føre seg i eit magisk univers
Oppskrift (Attebery): ei mellomalderaktig verd, eit problem, ein profeti, ein vond karakter med eit svakt punkt, fleire mytologiske karakterar og ikkje-menneskelege skapningar, ein naiv og ordinær helt, ein komisk kamerat, ein klok gammal rådgjevar.
ANALYTISKE OG DIDAKTISKE INNFALLSVINKLAR
Skjønnlitterær skriving ut frå klassike fantasymønster (sjå Guanio-Uluru, 2018, s. 113)
Fantasy som inngang til å undersøke og lære om mytar frå ulike område i verda, intertekstualitet som "link" til ei større verd.
Arbeid med kart og kartografi, for eksempel: Skjønnlitterær skriving ut frå kart til (helst ukjent) fantasytekst. Å lage eigne kart til fantasytekstar, eller arbeide med eksisterande kart for å rette merksemda mot kva rolle stader og miljø speler for fortejlinga og leseopplevinga.
Analyse basert på eventyrfunksjonar (Propp). John Clute (1999) har delt heltens reise inn i fire fasar: noko er galt (wrongness), forverring (thinning), forståing (recognition) og læking og heimkome (healing/return).
Samanlikning av dataspel og fantasyforteljing, gjerne i kategorien portal- og oppdragsfantasy.
"Klassisk" analyse for å finne ut kva verdiar som blir formidla og kva rolle dei fantastiske elementa speler i verdiformidlinga.
TEKSTAR I GRENSELAND MELLOM FANTASTIKK OG REALISME
Pippi-bøkene og
Karlson på taket
(Astrid Lindgren)
Charlie og sjokoladefabrikken
m.fl. (Roald Dahl)
Brune
(Håkon Øverås & Øyvind Torseter)
:fire:
fantastikk
- ein forteljemåte som gjer bruk av fantastiske element
:fire:
magisk realisme
- magiske, utrulege eller fantastiske element er integrert i det realistiske, som ein del av verkelegheita
:fire:
karnevalesk
- frå Mikhail Bakhtins studiar av karnevalet i mellomalderen, i barnelitteatur: ofte brukt om tekstar som snur opp-ned på maktforholdet mellom barn og vaksne, og stiller spørsmål ved normene i det vaksenstyrte samfunnet og tradisjonelle barneroller, gjerne på ein humoristisk måte