"Me har opplevd at det er familiar, eller ungar som me ser har ei anna åtferd enn andre born, og me har meldt inn ja. Det har vore meir tungsinn, og rett og slett liten spontanitet og glede, og der ein har vore bekymra for at det har vore ting i heimen som kanskje ikkje har vore så bra, som me har meldt inn, og der me har fått beskjed om at det er inga grunn til bekymring, at det er alternative heimar, men det er ingen grunn til å tru at dei ikkje har kjærleik for sine born. Og der barnevernet har forsikra oss om det. Men det er klart at me fylgjer jo desse borna tett opp, me har jo og sett at, eg vil jo seia at om dei av og til kjem med litt skitne klede, eller har gløymt nista si, så er det ikkje nødvendigvis at det er dårlege heimar. Det tenkjer eg. Me veit at det er heimar som har det veldig travelt, som jobbar for harde livet for å få endane til å gå rundt økonomisk, og at desse borna kanskje må dela på ting, og ikkje har den materielle rikdomen som dei andre borna har, men det har ikkje noko med omsorgssvikt å gjera. Så eg har vel eigentleg beroliga meg med, i dei tilfella der barnevernet gong på gong seier at dette er me 100% sikre på at det har ikkje med det å gjera. Det har eg." I.P2