Please enable JavaScript.
Coggle requires JavaScript to display documents.
Læringsteori (Åtferdsteoretisk/behavioristisk perspektiv (Ulike teoriar…
Læringsteori
Åtferdsteoretisk/behavioristisk perspektiv
Kjenneteikn
Forstå og korrigere problemåtferd
Individsentrert (lite fokus på miljø)
Belønning og straff
Belønning (reinforcement, forsterking)
God: opplevast informerande
Ulike typar
Positiv tilbakemelding
Materielle goder
Uventa belønninar
Belønning for å delta
Belønning for å fullføre oppgåve
Prestasjonsbetinga belønning
Dårleg: opplevast kontrollerande
I staden for belønning
Kva kan auke motivasjonen til elevane?
Tilpassa opplæring
Engasjerande
Entusiasme
Ulike teoriar
Klassisk betinging (Pavlov)
Stimuli og respons
Assosiasjonar blir forma mellom ein miljøpåverknad (stimulus) og ein reaksjon på responsen
Fysiologisk og emosjonell respons
Krev ikkje ei aktiv handling får den som skal lære
Hendingane som skjer FØR responsen er viktig
I skulen
Ikkje brukast til innlæring av ny kunnskap
Forklare kvifor elevar har ulike emosjonelle responsar
Operant betinging (Skinner)
Belønning og straff
Læring som ei følgje av belønning eller straff
Belønning
Mogleg å forsterke uønska åtferd
Straff
Direkte straff
Tilføre noko ubehageleg
Døme: reprimander, gjensitting, utvisning, straffelekse
Indirekte straff
Fjerne noko som er behageleg eller ønska
Døme: Avtale med elevane på forskot kva som er belønninga og ta den vekk dersom elevane ikkje fuller krava/forventingane
Uheldig effekt!
Hendingane ETTER responsen er viktig
Eleven si åtferd + læraren sin respons på åtferda
Behaviorismen (Watson)
Utviding av klassisk betinging
Kunne forutseie og kontrollere åtferd
Døme: Albert og rotta
Tilføre fæle lydar i møte med rotta - Albert blei til slutt redd rotta som han tidlegare likte
Hovudbodskap: kor stor betydning miljøet har på åtferda
Sosial læringsteori (Bandura)
Blei også kalla nybevioristisk tilnærming
Læring gjennom
Eigne erfaringar
Observasjonslæring
Læring og åtferd er skilt
At ein har lært ein kunnskap fører ikkje naudsynt med at ei åtferd blir endra. For at ei åtferd skal bli endra, må eleven ha motivasjon til å bruke den nye kunnskapen
"Øyeblikkets gevinster for begge parter, øker risikoen for mer negativ atferd på lang sikt" - Thomas Nordahl
Døme: læraren som gir etter når ein elev blir sint
Læraren: blir ettergivande
Eleven: aggressiv
Kognitivt perspektiv (konstruktivistisk)
Kjenneteikn
Indre prosessar
Menneske sjølv organiserer og forstår kunnskapen og ferdigheiter
Korleis blir ytre stimuli omforma til informasjon som vert lagra i hukommelsen/minnet?
Kople ny kunnskap på gamal
Individet er aktivt
Søkjer informasjon
Reorganiserar og reviderar kunnskapen
Tilpassar den til bruk
Sterk vekt på den indre motivasjonen
Motivasjonen avhenger av
Kva eleven tenkjer om seg sjølv
Kva eleven tenkjer om evnene sine
Kva eleven får igjen for å nå målet
Ulike teoriar
Sosial-kognitiv læringsteori (Bandura)
Ein sosial og kognitiv teori
Vidareutvikla teorien om personen sine forventingar om meistring
Trekk inn kognitive omgrep
For å forstå barnet si åtferd
Forstå forhold i barnet
Tidlegare kunnskap
Erfaringar
Ferdigheiter
Biologi
Forventing om meistring
Forstå forholdet i barnet sitt miljø
Foreldra si oppseding
Læraren si haldning til eleven
Vener sitt verdisyn
Self-efficacy
Meistringsforventing
Blir utvikla av
Konkrete prestasjonar
Korleis andre lukkast med oppgåva
Vår indre overtyding (pep-talks)
Viser seg i kva oppgåver ein tør å prøve ut
Stor vektlegging av meistring og meistringstru for å lære
Den resiproke determinismen
Gjensidig samspel mellom
åtferd
Skriving
Rekning
Leik
Ro/uro
personfaktor
Kognitive
Affektive (emosjonelle)
Biologiske forhold
miljø
Heimemiljø
Klassemiljø
Kameratmiljø
Døme
Personfaktor
Stor meistringstru på ei oppgåve
Miljø
Klassemiljøet/klassekameratar ser at det er mogleg å løyse oppgåva - godt klassemiljø
Åtferd
Ivrig oppgåveløysing
To typar forventingar
Forventing om å klare handlingane som er naudsynte for å nå målet
Forventing om resultat som følgje av handlinga
Forventing om å meistre er basert på 4 slags informasjonskjelder
Autentiske meistringsopplevingar
Tidlegare erfaringar med å meistre på området
Vikarierande erfaringar
Modellæring
Lære ved å imitere andre
Observasjonslæring
Verbal overbevisning
Støtte og oppmuntring frå andre
Kjenne eleven for å kunne pushe den vidare
Fysiologiske reaksjonar
Emosjonar
Kroppslege signal
Gode/dårlege erfaringar
Pedagogiske implikasjonar
Kjenne elevane for å tilpasse
Legge til rette for observasjonslæring
Autentisk meistring og verbal overbevisning
Godt psykososialt miljø
Kognitiv læringsteori (Piaget)
Tilpasse skulen til barnet
Biologisk modning (utviklingsstadium
Den senso-motoriske perioden (0-ca. 2 år)
Den pre-operasjonelle perioden (ca. 2-7 år)
Den konkrete-operasjonelle perioden (ca. 7-11 år)
Den formal-operasjonelle perioden (ca. 11 år til vaksen)
Aktivitet
Sosial erfaring
Likevektsprinsippet
Prosess der barnet står ovanfor noko det ikkje får til å stemme. Motivasjonen oppstår når det ikkje er balanse mellom ny og gamal erfaring - indre drivkraft til å skaffe seg ny kunnskap for å få det til å bli likevekt
Kognitive strukturar
Det ein lærer blir tolka ut i frå tidlegare kunnskap (skjema)
Anten blir skjemaa utvida eller så blir dei erstatta av ny kunnskap
Skjema: det ein sit igjen med av minnespor etter ei handling/erfaring
Adaptasjon
Tilpassinsprosess
Assimilasjon
Utviding av skjema
Akkomodasjon
Lage nytt skjema
Kjem før språket (Piaget)
Pedagogiske implikasjonar (kva teorien medfører i skulen)
Læring er ein aktiv konstruksjonsprosess
Må også reflektere over det ein har gjort (jf. Dewey)
Frå enkle til komplekse mentale modellar
Adaptasjon er viktig for læringa
Lage aktivitetar som gir ubalanse i dei kognitive strukturane -> elevane må sjølv skape likevekt
Induktiv læringsmetodemetode
Elevane erfarer og lærer ut i frå erfaringane
Kritikk
Mykje individfokus og lite fokus på læring i samhandling med omgivnadane
Ny forsking viser at
han undervurderte barnet sin tidlege kognitive kapasitet
han overvurderte evna til abstrakt tenking (ikkje fullt utvikla før i 25 års alderen)
Oversåg den kulturelle og sosiale konteksten
Nyare biologiske perspektiv - nevrovitenskap
Teori om kognitiv vekst (Bruner)
Omgrep
Kognitiv: erkjenning
Persepsjon: korleis ein vel ut, tolkar og organiserer sanseinformasjon
Utvikling gjennom kategorisering
Sanse, oppfatte og trekke slutninger
Lagrar sanseinntrykk i kartotek
Trekk slutninger ut i frå desse
Di lenger ein har levd, di meir utvida er kartoteka
Større fokus på det kulturelle en Piaget
Setje skulen inn i ein større samanheng - skulen skal avspegle samfunnet og dei ynskja ein har for samfunnet
Utdanning
Ikkje formidle kunnskapen, men la eleven tenkje sjølv
Problemløysing
Analytiske tenking
Intuisjon (umiddelbar forståing, innsikt)
Utvikle dugleikar som kan bli brukt i ulike situasjonar
4 nøkkeltema
Betydninga av strukturert læring
Læring av strukturar og ikkje pugge fakta og teknikkar
Betydninga av at barnet er førebudd til å lære
Betydninga av intuitiv og analytisk tenking
Betydninga av motivasjon for å lære
Pedagogiske implikasjonar (kva teorien medfører for skulen)
Praktisk retta undervisning
Stimulere sansane og kjenne læring på kroppen
Fokus på den underliggande strukturen i faget
Djubdeundervisning
Kritikk
I byrjinga: innlæring av faget sine særeigne strukturar og tok då ikkje hensyn til barnet sin alder
Døme: starta med økologi og prinsipp om balanse i staden for blomster og dyr
For stort fokus på strukturane og for lite fokus på kva barnet kunne forstå
Blei endra i 1971: sette strukturane inn i den konteksten som elevane er ein del av
Støttande stillas
Sosialt/sosiokulturelt perspektiv
Kjenneteikn
Læring gjennom bruk av språk og deltaking i sosial praksis
Skapt sosiale
Menneske er situert
I ulike sosiale samanhengar/kontekstar alltid
Språket
For å gjere seg forstått og for å forstå omverda
Menneske handlar når ein seier noko
Byggjer på tre grunnleggande føresetnadar
Menneske lærer når det deltek i kunnskapsprosessar
Ein lærer betre når ein gjer ting sjølv
Menneske er aktive medskaparar av kunnskap
Vere aktive, ha dialog og vere i interaksjon med andre
Kunnskap kan endrast
Ha tru på at kunnskap kan endrast ved at ein er delaktig i å utforme ny kunnskap
Kunnskap er mediert
Mediering: formidling/overføring
Difor er dialogen den viktigaste medierande reiskapet for menneskeleg handling, tenking og kommunikasjon
Skil teorien frå andre
Beskriv forhold mellom
menneske
menneske og kultur og reiskap
Ulike teoriar
Sosiokulturell læringsteori (Vygotski)
Mennesket som kulturvesen
Vi utviklar oss i interaksjon med andre og i den kulturen vi er i
Læringa skjer i dialog og samhandling
Den proksimale utviklingssona
Utviklinga går frå det sosiale og til det individuelle
For at eit barn skal lære, må den fyrst få hjelp med det den ikkje kan (det sosiale) før den klarer å gjere det sjølv (det individuelle)
Læring skjer dermed i det området barnet sin kunnskap stoppar og den får hjelp av nokon som kan meir
Difor: viktig å vite kva barnet kan/ikkje kan for å gi god hjelp
Språket
Kjem før dei kognitive strukturane (motsett av det Piaget meiner)
Essensielt for å forså korleis barnet utviklar tanken
Reiskap for tenkinga
Frå det ytre til det indre
Frå samtale
mellom
menneske - til samtale
i
mennesket
Rein sosial aktivitet, delt i 2
1) Sosialt språk til å kommunisere med
2) "Egosentrisk" indre tale som grunnlag for tanken
Skepsis til intelligenstestar
Pragmatisme (Dewey)
Elevaktivitet og arbeidsskule
Learning by doing (og reflektere over det)
Tenking som eit instrument for handling
Handlingsorientert innstilling til kunnskap (pragmatisme)
Teori om handling og konsekvensane av handlingane våre
Læringa må ta utgangspunkt i elevane sine interesser
Læringsprosessane er dynamiske
Lære gjennom sosial aktivitet
Hovudpoeng: intersubjektiviteten formar subjektiviteten
Intersubjektivitet: det som foregår mellom menneske
Subjektivitet: det som foregår i menneske
Først vere andre, før ein kan vere seg sjølv
Utgangspunktet er altså ikkje individet, men fellesskapet som individet er ein del av
George Herbert Mead sin speglingsteori
Praktiske konsekvensar
Aktiviteten må ha eit mål
La elevane vere med på å diskutere kva som er målet
Elevane blir med på å planlegge sin eigen læringsaktivitet
Knytte ny kunnskap opp mot gamal
Læraren: hjelpe elevane til å setje ord på det dei gjer
To typar læringformer
Induktiv
Spontan
Utgangspunkt i eleven sine erfaringar
Deduktiv
Forklaring, omgrep, generell kunnskap fyrst
Deretter konkretisering